Terje Nordgulen, nestleiar for Postkom på Vestlandet. Foto: Morten Hansen

– Eg ser absolutt ingen grunnar til at Postkom skal slå seg saman med eit anna forbund. Postkom klarer seg best aleine, seier Terje Nordgulen, nestleiar for Postkom på Vestlandet. 

Nordgulen sit også i Postkoms landsstyre, og han har markert seg med ei tydeleg stemme for at Postkom skal halde fram som eige forbund. I tillegg til dei meir interne argumenta, peikar han også på at LO er lite tent med at talet forbund blir redusert til nokre få.

Seg sjølv nok. – Det blir ei form for LO-knusing viss alle skal samle seg i nokre få store forbund. Dei store forbunda blir då seg sjølv nok, og så misser LO både posisjon og makt, seier Nordgulen, som ikkje trur Postkom vil rekruttere fleire medlemmer om dei blir del av eit større forbund.

– Vi har ikkje organisasjonsrett innanfor ein del område som veks, som til dømes transport og logistikk. Transportarbeiderforbundet vil organisere desse medlemmene, uavhengig av om vi er aleine eller del av eit stort forbund. For meg er uansett organisasjonsgraden det avgjerande, og eg meiner Postkom klarer seg best aleine, så lenge partsforholdet mellom Posten og Postkom vert oppretthalde, seier Terje Nordgulen.

Må endre seg. Han meiner det er opplagt at forbundet må endre seg dei neste åra uansett kva som skjer, men han meiner dette like gjerne kan skje innanfor dagens forbundsstruktur.

– Vi har solid økonomi, og det hastar ikkje å endre på dette. Vi må jobbe knallhardt for å halde organisasjonsgraden høg, og så må Postkom endre seg i takt med samfunnsutviklinga og endringane som skjer i Posten, seier Nordgulen, som ikkje ser nokon fordelar med å gå inn i eit anna forbund.

– Organisasjonsgraden gir oss makt mot arbeidsgjevar, mens den politiske makta skal vere i eit samla LO. Det oppnår vi best gjennom dagens organisering, så for meg er det heilt opplagt at Postkom bør halde fram som eit sterkt forbund som kan ivareta medlemmene innanfor våre område, seier Terje Nordgulen.

Print Friendly, PDF & Email